Orreneset Misjonssenter – ein leirstad i den sunnmørske fjellheimen.

Orreneset Misjonssenter eiges av Indremisjonsforbundet Sunnmøre (IMF Sunnmøre). 

Vi ligg midt i den vakre sunnmørske fjellheimen. Her er ligg det meste klart for ei fantastisk naturoppleving både vinter og sommar.  


Skal du arrangere kurs, møter eller eit selskap? 

Då er Orreneset plassen for deg. 

Vi tilbyr sjølvhushald for enkelte grupper som skular og dagsturar.

Du kan leige heile eller delar av anlegget eller berre uteområdet

Vi har fleire salar, moderne storkjøkken, stort uteområde og kort veg til både turløyper, toppturar og alpinanlegg.

Vi kan lage til bryllupsfest, konfirmasjon og andre store hendingar.


Kapasitet og standard

Vi har ein gjennomgåande god standard på senteret vårt. Vi ynskjer at du skal finne plassen heil, rein og fungerande.

Vi har sengeplassar til ca. 80 stk. Er dykk ei større gruppe, har vi madrasser tilgjengeleg.


Hyttene:

Tre hyttebygg med sengeplass til ca.70 personar.

Dusj og toalett på alle hytter.

Koselege og velfungerande overnattingsrom og utstyrt kjøkkenkrok i enkel hyttestil.


Gamma:

Bygd i skifer og villmarkspanel.

Kan varmast opp og brukast til selskap og småsamlingar.

Brukast ofte til å få ein meir stemningsfull effekt, for eksempel på kveldssamlingar.

Eldstad og kjøkken.

Sitteplass til ca 35 personar.


Eit fantastisk uteområde

Noko for alle!

Orreneset har fin tilgang til Nysætervatnet. Vi har naust med 11 kanoar, to VG-seiljoller og ein robåt.

Vi har redningsvestar i alle størrelsar, og ved flytebrygga er det også fint å bade.

Fotballbana, som kan gjerast om til volleyballbane, ligg også i området attmed vatnet.

I enden av tomta ved vatnet, ligg den fine gamma – med bålplass og grillmulegheiter.

Om vinteren kan du gå på ski rundt vatnet og ut i terrenget frå Orreneset. Med bil er det berre ein kort køyretur til skitrekka på Fjellsætra og Strandafjellet.


Ta kontakt for meir informasjon!